
I tre noveller på starten av det førre hundreåret, skildra ein anonym forfattar livet som drøymandekunstnarspire i eit land der det var lite plass for slike. Forfattaren kalte seg Nescio, og novellene har sidan fått klassikarstatus i Nederland og veksande internasjonalt ry. Tekstane hans står i lågmælt kontrast til den nederlandske gullalderen, prega av handel, kolonimakt og kulturell stordom. Unge titanar. Tre noveller handlar om unge idealistar i Amsterdam, kunstnarar og poetar, som prøver å finne fotfeste i det borgarlegevaksenlivet. Hovudpersonane har spelt ut sjansane som ein gong låg opne for dei. Forteljingane er rå og direkte, men òg høgstemde og lyriske – dei får oss til å tru på denne idealiseringa av ungdommen. Samstundes opnartekstaneeit kulturelt dilemma: det djupt nederlandske spennet mellom kunst og økonomi, idealisme og borgarskap, børs og katedral. Nescio (1882–1961), eller Jan Hendrik Frederik Grönloh som han eigentlegheitte, er blant dei mest betydningsfulle moderne