
Mange kommunar står overfor store og nye oppgåver når personar med utviklingshemming blir gamle. Det gjeld særskilt i kommunar der mange personar med utviklingshemming vart buande etter at dei store institusjonanae vart nedlagde ved HVPU-reforma. Boka byggjer på ein undersøking i Ørskog, der både hjelpetilbodet i heimen og tilbodet på dagtid og i fritida står sentralt. Føremålet med undersøkinga var å gi betre kunnskap og erfaringsgrunnlag når tilbodet skal tilpasssast dei endringane i behov som følgjer med høg alder. Boka drøfter ulike modeller og løysingar for kva slag bustad og former for samlokalisering som er aktuelle i den nye situasjonen.