
Sivert og Jenny er søskenbarn. Dette året skal dei feire jul saman med foreldra sine på den vesle familiehytta på fjellet. Ved bålet om kvelden fortel dei vaksne historier frå gamle dagar, om den tida då folk trudde det fantes både tussar og troll. Dei fortel også om Jakob, tippoldefaren til Sivert og Jenny, som hadde bygd hytta for lenge, lenge sidan. Den første kvelden, då dei to barna har lagt seg på hemsen, leikar dei seg med å lage rare skuggar på veggen med lommelykter og hendene sine. Det er då dei oppdagar eit skjult skap i veggen. Dei klarer å opne skapet, og ser at det ligg noko der inne. «Sjå på dette!» utbryt Jenny og drar fram det ho har funne. «Det ser ut til å vere gamle, gulna julekort! Så spennande! Kven kan ha lagt desse her?» Dei blar i korta, nokre er over hundre år gamle, det kan dei sjå på poststempelet. Eit av korta viser heile himmelen i grønt lys. «Eg trur det må vere nordlyset», kviskrar Sivert. I det same dei snur seg for å sjå om det er nordlys ute denne kve