
Solplomme
Vi sender push og e-post når prisen synker — gratis konto kreves.
I Solplomme kjem midtsommarmytane og jonsokritane til live gjennom ein serie dikt med eit rituelt, messande preg. Den lysaste natta i året er ein overgang lada med uvisse. Dikta renn utover sida og får midtsommarnatta til å opne seg, blomane til å spire, bålet til å brenne og menneska til å tvile. Fotodronane summar over tindane og plastsøpla. Kva framtid skimtar vi? Kva val tek vi når alt ligg ope?Solplomme er ein heilt eigen flora.I 2023 laga Anna Kleiva og Vilde Tuv bestillingsverket Solplomme til Dei nynorske festspela i Ørsta. Tuv komponerte musikken og Kleiva skreiv dikta til verket. Med utgivinga av Solplomme følgjer også ein CD.Synth, fløyter og vokal møter her fjellras og regnbyger i ein intens elektronisk musikk.

