
Stadig nye skolar trugast av nedlegging i møte med ein svak kommuneøkonomiog ulike meiningar om kva som gjev kvalitet i opplæringa. Denne boka gjev eiframstilling av endringar i skolestrukturen i Noreg med vekt på skoletilbodet i distrikta.Boka får fram korleis læreplanar og styring av skolen påverkar skolestruktur,og ho presenterer forsking på saker som kjem opp når det er snakk om nedlegging avskolar. Dette gjeld økonomi, elevane si faglege og sosiale læring, helse og skoleskyss,skoledrift under trussel om nedlegging og skolen si rolle for bygd og busetting. Vedå trekkje på konkrete utgreiingar av skolestruktur i nokre kommunar, får lesaren eitautentisk innblikk i dilemma og krevjande avvegingar i lokalsamfunnet. Boka får vidarefram korleis dagens læreplan (LK20) opnar for å kunne utnytte dei små skolanesine fortrinn, samtidig som ho synleggjer strukturar som kan føre til at dette potensialetikkje blir utnytta.Samla gjev boka eit heilskapleg perspektiv på små skolar i pressa kommunar