
Historisk laveste pris
Vi sender push og e-post når prisen synker — gratis konto kreves.
"Fins ikke like i dette landet! Parapoetica er et overskuddsfenomen - i tankekraft, omfang, topografi og forbindelser. Den er blitt så utrolig fin og god å holde i, bla i, fordype seg i og glede seg over. Kvalitet på alle plan!" – Torild WardenærParapoetica er ein poetisk dialog med vitskapen om naturen og menneskesinnet, og med dei unike teikningane til Santiago Ramón y Cajal, multitalentet som oppdaga at hjerneceller er individuelle celler – det vi i dag kallar nevronar. Grunneiningar for all skapande evne. Ikkje ulikt poesi: parapoetica-partikkelen, ikkje-smertestoffet. Upåakta, som rein luft og fri sikt. Skapegrann så små at vi ikkje sansar dei før dei rammar oss som forseinka openberringar, når vi får vanskar med å puste og når synet sviktar. Parapoetica nærmar seg villmarka, side om side med tidlaus og oppdatert kunnskap om vilkåra for livet på jorda – kva energiar og ressursar vi har, og korleis bruken av dei får ulike fylgjer. Rørsle, forbruk, tanke og handverk er avgjerande fo