
Offentleg sektor i endring
Vi sender push og e-post når prisen synker — gratis konto kreves.
Det er stort endringstrykk i offentleg sektor. Denne antologien drøftar endringar i sektoren, basert på erfaringar, både prinsipielt og frå konkrete studiar. Stikkorda er innovasjon, utviklingsarbeid og læring.Første del av antologien handlar om innovasjon. To av kapitla ser primært på bruken av omgrepet, først i lys av økonomisk historie, deretter i eit litteraturvitskapleg og filosofisk perspektiv. I kapitla som følgjer, blir innovasjon drøfta med utgangspunkt i empiri frå studiar av etablering av tildelingskontor, kommunal organisering og strategiar for språkleg velferd, og dessutan i lys av omgrepet innovasjonsinvasjon.Andre del av antologien tek føre seg ulike former for utviklingsarbeid, der ein ser nærare på institusjonar som Statens helsetilsyn, på samordning av bustadsosialt arbeid i kommunane og korleis utdanningsinstitusjonar kan arbeide for å motivere studentar til å delta i studentutveksling.Siste del av antologien har læring som overordna tema. Her blir ulike delar av utd