
Ny amerikansk poesi
Vi sender push og e-post når prisen synker — gratis konto kreves.
Åtte amerikanske samtidspoetar for første gong utgitt på norsk! Denne boka presenterer åtte unge, tonegivande samtidspoetar som har vakse opp i dagens USA etter 11. september 2001. Denne generasjonen lèt seg ikkje så lett setje i bås. Dei speglar alle tida dei lever i, men tek opp i seg element frå ulike tradisjonar og stilretningar, frå hiphop og slam til meir akademisk og essayistisk orientert poesi. Det handlar om både kjønn, rase og identitet, på måtar som tilfører dikta ein politisk brodd. Dikta i utvalet spenner frå 2011 til 2016, med ei klar hovudvekt på dei siste par åra. Dei som bidreg i antologien, er: Brandon Brown, gjendikta av Frode Grytten, Kate Colby, gjendikta av Rune F. Hjemås, Corina Copp, gjendikta av Hilde Susan Jægtnes og Joanna Rzadkowska, Paul Legault, gjendikta av Leif Høghaug, Monica McClure, gjendikta av Linn Strømsborg, Danez Smith, gjendikta av Kristin Fridtun, Ocean Vuong, gjendikta av Mathias R. Samuelsen og Sara Wintz, gjendikta av Kristina Leganger Ivers
Ofte stilte spørsmål
Hvor er Ny amerikansk poesi billigst?
Den laveste prisen er 408 kr hos ARK Bokhandel.
Har prisen på Ny amerikansk poesi gått ned?
Prisen har økt 79 kr de siste 30 dagene. Sett opp et prisvarsel for å bli varslet når prisen synker.