
Historisk laveste pris
Vi sender push og e-post når prisen synker — gratis konto kreves.
Dette nummeret inneheld nye inngangar til Hauge-forskinga – ikkje berre éin, men to artiklar om Olav H. Hauges dikting. Både Henrik Indergaard og Elin Stengrundet har skrive om gjennombrotsboka til Hauge, På Ørnetuva (1961). Der Indergaard undersøkjer dikta i denne boka i ljos av ein mytopoetisk djupnstruktur og narrative liner mellom dikta, leitar Stengrundet etter von og ljos framtid, i ei diktsamling som har hatt status som mørk og pessimistisk. Begge nyttar Hauges dagbøker aktivt i fortolkinga. Det er prisverdig, for jamvel om det har gått 25 år sidan dagbøkene kom ut, har litteratuvitararar vore varsame med å nytte dei i diktanalysar. Vonleg vil Hauges brevskifte ein dag òg sjå dagsens ljos. Det vil kunne gje atter nye perspektiv på Hauges dikting, for som vi veit av brev som alt er utgjevne, mellom Hauge og Jan Erik Vold og Bodil Cappelen, diskuterer Hauge òg diktskriving i brevform. Ein annan bidragsytar, Gunnar Foss, påviser likskapar mellom Herders og Wergelands idéar om folke