Hopp til innhold
Me veks i spora våre

Me veks i spora våre

Vi sender push og e-post når prisen synker — gratis konto kreves.

0 butikker

Bent Eia pendlar mellom draum og røynd i si fjerde diktsamling. Tema i boka er filosofi, psykologi, mellommenneskelege forhold, natur og miljø. Nokre av dikta synar at lyrikaren ikkje trur på nokon av dei gudane som er på marknaden. Dei fleste dikta er frå det siste tiåret, men det er òg pussa støv av eldre stoff. Boka er illustrert av Aud Rye som bur i Oslo. Ho har tidlegare hatt sin eigen skule. No undervisar ho i akvarellmaling i Europa. Bent Eia er fødd i Asker i 1957. Han vaks opp hos tante og onkel på Eia i Sokndal lengst sør i Rogaland. Her bur han saman med kona, Marit. Han har tidlegare gjeve ut «Veggane var for tjukke» på eige forlag (1993), «Der er ein planet» (2006) og «Mine skjøre strenger» (2012) er gjeve ut på Commentum Forlag.

Sett prisvarsel

Få beskjed når prisen faller til ønsket nivå.

Prissammenligning

ARK Bokhandel
Utsolgt

Prishistorikk

Lignende produkter