
«Madame Bovary, det er eg!» sa Gustave Flaubert om hovudkarakteren i verket som er ein av dei viktigaste romanane skriven på fransk. Den tragiske kjærleikshistoria om bondejenta Emma som drøymer om eit lidenskapeleg og ekstravagant sosietetsliv, har blitt utalege gongar dramatisert, filmatisert og adaptert. Madame Bovary er historia om eit menneske på flukt frå verkelegheita, på jakt etter å gjere sin eigen eksistens vakrare, og som ikkje klarer å skilje mellom det viktige og det uvesentlege. Emma Bovary har gitt opphav til omgrepet bovarisme, ein tilstand der draum støtt møter verkelegheit. Flaubert skildra her også inngåande si eiga samtid, som han sjølv mislikte og opplevde som meiningslaus. Romanen kan tolkast som ein kritikk av den franske borgarskapen og grensene som småbysamfunnet la på kvinner midt på 1800-tallet. Før boka kom ut i 1857, gjekk ho som føljetong i tidsskriftet Revue de Paris. Ho vart skulda for å vere usedeleg, og måtte gjennom ei rettssak før ho kunne bli gitt u