
Køyre frå Fræna
Vi sender push og e-post når prisen synker — gratis konto kreves.
Nytt står mot gamalt i den vesle bygda Fræna, og vi møter politisk svært ukorrekte menneske: lokalpolitikaren som juksar seg til valsiger, mobben som marsjerar mot ordføraren sitt hus, og guten som mistenkjer at foreldra puttar sovemedisin i maten hans. Møt unge menn som prøver å køyre vekk frå Fræna, køyrer andre i hel og freistar leva med det, eller som jagar asylsøkarar gjennom skogen.I Lars Petter Sveen sitt Fræna reisar døde seg midt på lyse dagen, og innbyggjarane ber på mørke løyndomar. Politikk, eventyr og grøsser glir over i kvarandre. Det er ikkje godt å seie kva som er mest uhyggeleg.Lars Petter Sveen fekk Tarjei Vesaas Debutantpris, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for denne debutboka.