
Frå Hernes til Clemet - frå plan til marknad?
Prisen er under gjennomsnittet
Vi sender push og e-post når prisen synker — gratis konto kreves.
Dette er ei bok som handlar mest om Reform -94, som ifølgje tidlegare statsråd Gudmund Hernes skulle gi oss den beste vidaregåande skolen i verda. Ei sentral problemstilling i boka er kvifor denne reforma blei ein slik omstridd suksess. Forfattaren spør om samfunnet eigentleg var klar for reforma, og om striden skuldast indre motsetnader i reforma eller sjølve gjennomføringa. Boka handlar også om det som har skjedd i kjølvatnet på Reform -94. Forfattaren utforskar samanhengen mellom den hernesiske positivismen og den clemetske nyliberalismen, og han spør om løysingane til Kristin Clemet er gode svar på den postmoderne utfordringa. Innstillinga frå Søgnen-utvalet blir også drøfta. Det kunnskapssynet som ligg til grunn for dei to reformene, blir lagt under lupa, og forfattaren analyserer rollene til elevar, lærarar og leiarar slik dei voks fram som ideal i styrings- og rettleiingsdokument. Han ser også nærare på kva rolle styresmaktene meinte skolen skulle spele i samfunnet i framtida. B



