
her er arret, her er såret, her er skattemelding og CVher er såre punkt, her er hard hud,her er kviser, cystar og hemoroidarher blir blodet reinsa og her sprekk stemmaher er eit skilt over døra, her er andre kroppar velkomne inn her er kjønnshårets løkkeskrifther kjem driten uther er sjansen til å bli rusmisbrukar og statsminister her kan eg bygge menneske og her kan eg miste deiher er det eg sel: kroppen i sitt endelege og sinnet: uendeleguniverset som renn gjennom megog eg som renn gjennom universetKva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy? I møtet med den største krisa og den lengste natta for menneskja, kva er det manualen for heile eksistensen seier? Han seier at alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast. Dette er det fantastiske og fryktelege med livet som vi kjenner det. Det er unikt, du er unik, og det er fortapt, du er fortapt. Slik rammar Kjersti Wøien Håland inn vår tid og bevissthet i denne diktsamlinga. Og det er