
Sidan debuten i 1966 har Åse Lilleskare Faugstad gjeve ut lyrikk og noveller, både eigne dikt og gjendiktingar - til saman 16 bøker. I Sjeler som flyr - Eit forfattarliv ser Åse tilbake på livet som skrivande menneske. Det er ei erindringsbok delt inn i fem bolkar; med ulike sjangrar - tankar, minne, essays, slektshistorie og noveller. Boka gjev innsikt i forfattaren sitt arbeid, tankar om det å skriva, og kva betydning familie og heimstaden har hatt ut frå perspektivet til ein eldre vestlandsforfattar. Boka vil treffa heime både hjå bokelskarar, litteraturinteresserte og lokalhistorisk interesserte. Tekstane er av ulik lengd og talar til alle som reflekterer over livets gang. Forfattaren deler raust tankar rundt alderdom og død. Dette er ei bok til å bli klok av. Her er minne om år og menneske som forma ei ung jente - og trådar tilbake til dei som trakka stiane opp før henne i slekta. Åse skriv nært og innsiktsfullt om liv og lagnad i små grender langs fjorden. I bolken med slektshist