
Liten fugl er ei bok, men også ei kiste full av overraskingar. På sidene finn vi menn som blir til eldfluger og kvinner som har ein liten fugl i lomma på jobbintervju, eller med eit blikk forvandlar hagearbeid til performans. Nokre av forteljingane går føre seg i Nord-Noreg, andre i Peru, og andre igjen på ikkje bestemte stader. Men uansett landskap går hovudpersonane gjennom kvardagen som om den både var deira eige territorium – og ein lett hallusinasjon. For her blir alle rom uvisse: Migrasjonen er ikkje berre geografisk, men også emosjonell og mental. I desse tekstane blandar sorg, framandkjensle, humor seg i eit undrande – nærmast magisk – blikk på verda. Slik kastar Liten fugl lys over mørke soner i tilværet og forvandlar dei til små openberringar.Claudia Ulloa Donoso (Peru, 1979) er ein forfattar busett her i landet. Ho kom først til Nord-Noreg, tidleg på 2000-talet, budde i Bodø, studerte ved Universitetet i Tromsø, og no bur ho i Trondheim. Alt i 2006 debuterte ho, med novelles