
The January Children (2017) er debutboka til den sudansk-amerikanske poeten Safia Elhillo (f. 1990) og den første av bøkene hennar som kjem ut på norsk. Verket rommar dikt som tidvis er strålande, klare og sterke, og tidvis såre, vare og søkande. Med humor og fleirspråklege ess i ermet utforskar det lyriske eg-et bindingane til slekt og fødelandet Sudan, kva det vil seie å ha fleire heimstader, og korleis andre sitt blikk kan påverke eg-et si sjølvforståing og kjensle av tilhøyrsle. Januarbarna er gjendikta av poetane Asha Abdullahi (f. 1998) og Ida Hove Solberg (f. 1987). Safia Elhillo har skrive eit eige forord til den norske gjendiktinga. Her set ho boka i eit nytt perspektiv: Når eg skriv dette, har det gått over to år sidan det braut ut krig i Sudan. Og noko av det første som vart øydelagt i krigen, var flyplassen i Khartoum. … Det kjennest som ei merkeleg tid for å innvie ei ny gjendikting av dette verket, som handla så mykje om håpet eg hadde om å høyre til, om å bli vald, om å