
Kaptein Pedersen og hans besetning legg ut på ny Sør-Amerika-tur etter å ha overvintra på klyngetunet Henjum i Hermansverk. Nordnes Viking har vore på verkstad i denne tida. Me kan trygt seia det slik at det vart nokre romantiske månadar der inne på Systrond. Boka handlar om kapteinen og bonden Eivind Pedersen og hans unike mannskap.Kaptein Pedersen er ein balansert og dyktig leiar både på sjø og land. Med hell og dyktigheit får han mannskap og skip ut av kritiske situasjonar, som det framleis er mange av rundt 1900-talet på dei sju hav. Sjørøvarane si tid er ikkje over, og dei samarbeider med og vert styrd av folk høgt på strå i både politikken og forretningsverda.Telegrafi har modernisert sjøtransporten mellom Amerika og Europa rundt 1900-talet. Ikkje minst telekabelen mellom Norge og Skottland og telekabelen mellom Irland og USA har vore eit gode for heile Vest-Europa og Amerika og ikkje minst Norge, som har stor eksport av fisk ut i verda. Sjølvsagt utnyttar òg kjeltringane oversjø