
Denne boka har eit variert innhald. Forfattarane skriv om det som engasjerer og opptek dei, utan emnemessig tvang og vi vonar at det også pregar artiklane. I tid spenner .artiklane vidt, frå Njåls saga til Karin Moes Kjønnsskrift og mellom desse ytterpunkta artiklar om fransk musikalsk tragedie på 1700-talet, Maurits Hansens brevformularbok Julies Brevsamling frå 1840 og her er arbeid om klassisk litteratur av Jonas Lie og Arne Garborg, komparasjon av «familieromanen» hos Alexander Kielland og Thomas Mann og også artiklar om nyare kanoniserte forfattarar som Kjartan Fløgstad, Alf Prøysen og Åsmund Sveen. Emnemessig femner denne antologien over teoretiske, didaktiske, faghistoriske og poetologiske perspektiv, som i jamføringa av Michel Foucault og .Friedrich A. Kittler; aktuelle spørsmål knytt til littera.turen og skolen, forholdet mellom litteraturvitskapen og digital bokhistorie og drøftingar av det poetiske bildet «som objekt». Boka sluttar med ein artikkel om Jonas Roth, «den siste